-
Bruktbutikk
Bruktbutikken ligg i Pyramiden kjøpesenter, 1.etg.
FriMoro og sommarferieaktivitetar
FriMoro er eit arrangement over to dagar for 4 til 7 klasse, som blir arrangert i Parken i Gaupne veka etter skuleslutt. I tillegg er det sommar aktivitetsdagar.FriMoro er eit arrangement i regi av Luster Kommune i samarbeid med lokale lag og organisasjonar som Gaupne helselag, Lions Club Luster, Luster Røde Kors og Luster frivilligsentral.
Dette er eit gratis arrangement for barn fra 4. til 7. klasse som blir arrangert veka etter skuleslutt.
FriMoro er basert på aktivitetar og friluftsliv, med diverse aktivitetar som Sup brett, kajakk, kano, natursti, lavvo, matlaging på bål og mykje anna.
Sjå plakat for FriMoro sommaren 2026: Plakat FriMoro 2026
Sjå video frå FriMoro 2025: FriMoro video 2025
Del på:
-
Friluftsvenn
I samarbeid med Sogn friluftsråd inviterer me alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med på ein lågterskel gåtur i Gaupne sentrum. Annakvar torsdag kl. 11-13, i partalsveker, går me saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Me er i oppstartsfasen og i gang med å rekruttere deltakarar og frivillige som vil ta på seg rolla som «friluftsvenn». Dei frivillige vil få enkel opplæring og tett oppfølging. Det vil vere låg terskel for å bidra. Me vil også legge til rette for erfaringsdeling og sosialt fellesskap mellom dei frivillige.
-
Haustferieaktivitetar
Luster kommune og Luster frivilligsentral samarbeider om å tilby gratis aktivitetar for barn/unge i haustferien. Sjå program for hausten 2025. Tilbodet er støtta økonomisk av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest Ildsjelfondet.
-
JuleGlede
Eit tilbod til dei som opplever julehøgtida som vanskeleg.
-
Leksehjelp
Leksehjelp kvar mandag kl. 16-18 for deg som går på ungdomsskulen og vidaregåande skule. Frivillige stiller opp for å hjelpe nettopp deg!