-
Bruktbutikk
Bruktbutikken ligg i Pyramiden kjøpesenter, 1.etg.
Til Topps 2025 - Hodlekve i Sogndal
Årleg integreringsarrangement i regi av Røde Kors i juni. I 2025 blir arrangementet laurdag 21.juni.Aldersgruppe: 4 til 100 år
Eit samarbeid mellom Luster Røde Kors og Luster Frivilligsentral.
Sidan 2017 har me arrangert Til Topps og treningsturar i forkant av arrangementet.
I år blir det ein familievenleg tur til Sogndalsdalen og Hodlekve.
Kunne du tenkje deg å vere frivillig og hjelpe til? Ta kontakt med Luster frivilligsentral tlf. 45665954 /post@luster.frivilligsentral.no

Del på:
-
Friluftsvenn
I samarbeid med Sogn friluftsråd inviterer me alle aldre og funksjonsvariasjonar til å vere med på ein lågterskel gåtur i Gaupne sentrum. Annakvar torsdag kl. 11-13, i partalsveker, går me saman frå Luster treningssenter og varierer mellom ulike turar i nærområdet. Avsluttar med kaffi og bål. Det er gratis og du treng ikkje melde deg på. Me er i oppstartsfasen og i gang med å rekruttere deltakarar og frivillige som vil ta på seg rolla som «friluftsvenn». Dei frivillige vil få enkel opplæring og tett oppfølging. Det vil vere låg terskel for å bidra. Me vil også legge til rette for erfaringsdeling og sosialt fellesskap mellom dei frivillige.
-
FriMoro og sommarferieaktivitetar
FriMoro er eit arrangement over to dagar for 4 til 7 klasse, som blir arrangert i Parken i Gaupne veka etter skuleslutt. I tillegg er det sommar aktivitetsdagar.
-
Haustferieaktivitetar
Luster kommune og Luster frivilligsentral samarbeider om å tilby gratis aktivitetar for barn/unge i haustferien. Sjå program for hausten 2025. Tilbodet er støtta økonomisk av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest Ildsjelfondet.
-
JuleGlede
Eit tilbod til dei som opplever julehøgtida som vanskeleg.