Internasjonal julefest

Den norske kyrkja, Luster Frivilligsentral og Gaupne sokneråd skal saman arrangere internasjonal julefest rett over nyttår, laurdag 6.januar kl. 16.00 på Gaupne skule.

Aldersgruppe: For alle

Det er viktig å samlast for å dele kultur, tradisjonar, musikk, mat og ikkje minst bli kjent med kvarandre.
Har du lyst til å bidra med noko til julefesten?

Me treng hjelp til å setje fram stolar og bord, pynte til festen, kaker til festen, hjelp på kjøkken, rydde etter festen.

Me er også på jakt etter nokon som kan underhalde på festen (sang, musikk mm). Har du forslag til oss?

Har du lyst til å bidra med noko av dette eller noko anna?

Ta kontakt med Anita og Cecilie på Luster frivilligsentral, tlf. 45665954 eller e.post: post@luster.frivilligsentral.no.


2024 © Luster frivilligsentral