Seniortreff for deg som bur heime eller i eldrebustad

Seniortreffet er annakvar torsdag kl. 10-14 på Gaupne omsorgssenter.

Eit samarbeid mellom Luster kommune, Luster frivilligsentral og frivillige personar.

Seniortreffet er for deg som bur heime eller i eldrebustad.

Det blir organisert transport for dei som melder seg på. Påmelding pr. tlf. 57 68 55 00 innan onsdagen før kl. 13.00.

På seniortreffet er det sosialt samvær, underhaldning og balansetrening, samt servering av eit varmt måltid.

Eigenandel kr. 150,- pr. gong.

Sjå  oversikt seniortreff 2.halvår 2021: Seniortreff haust 2021 




2021 © Luster frivilligsentral