Sykkelvenn

Ta med nokon på sykkeltur! Oppdraget er knytta opp til bebuarar på omsorgsenter og eldresenter.

Sykkelvenn er eit tilbod i samarbeid med Luster Lions v/Leidulf Kvam. Leidulf har ansvar for kursing av dei som vil bli sykkelvenn. 

Har du lyst å bli sykkelvenn er det berre å ta kontakt med Luster frivilligsentral så formidlar me kontakt med Leidulf . 

Syklane er plassert på dei 3 omsorgssentra i kommunen, Luster, Gaupne og Hafslo.

Trehjulingane har elektrisk hjelpemotor. Difor treng ikkje du vere i superform for å vere sykkelvenn!

Sykkeloppdrag vil bli formidla via det enkelte omsorgssenter og sykkelvenn.      


 

2019 © Luster frivilligsentral