Tilrettelagt friluftsliv - FTU Luster

Tilrettelagt friluftsliv - FTU Luster er eit samarbeid mellom NFU Luster lokallag, Luster turlag og Luster frivilligsentral. Målsetjinga er å gje gode opplevingar ute i naturen.

Aldersgruppe: For alle

FTU Luster blir gjennomført den andre onsdagen i månaden frå kl. 17.00 - 19.00.

Som regel plar me møtast utanfor Grandmo lagshus (på baksida). Aktivitetane kan skje i nærområdet eller me reiser lengre vekk som t.d. på Sogn skisenter i vinterhalvåret. 

Deltakarane må ha med følgje/personale. Frivillige er med og tilrettelegger aktiviteten. 

Grunna planlegging av aktivitet må alle melde seg på i forkant.

Sjå etter plakat/annonsering på digitale media i forkant av aktiviteten (facebookside til NFU Luster/Luster turlag og Luster frivilligsentral). 

Sjå her: 10.01.24



2024 © Luster frivilligsentral