Personvernerklæring

Dette dokumentet handlar om korleis Luster Frivilligsentral samlar inn, lagrar og brukar informasjon om personar. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på kva dette betyr for deg.

Innleiing

Ved Luster Frivilligsentral er me opptekne av at du skal ha tillit til oss og korleis me behandlar dine personopplysningar. I denne personvernerklæringa informerer me om korleis me innhentar, oppbevarar og brukar personopplysningar. Vårt mål er å vere helt opne om dei data me samler inn og gje deg ei forståing for korleis desse opplysningane blir brukt og evt. delast.

Kva opplysningar me samlar inn og behandlar

Informasjon om våre frivillige

Frivilligsentralen held kontakt med dei frivillige og formidlar frivillig innsats. Derfor har me eit register over dei frivillige, der dei frivillige gir sitt samtykke til lagring av følgande opplysningar:

  • Namn, fødselsdato, adresse, telefon, e-post, bilde
  • Kva aktivitetar den frivillige er med i
  • Kva oppdrag den frivillige deltek på

Frivillige som ynskjer det, får tilgang til å logge inn på systemet, og kan da sjå kontaktopplysningar om dei andre frivillige. Dette er gjort for å forenkle kontakten mellom dei frivillige.

Me sørger for at alle våre frivillige underskriver taushetserklæring og innehentar politiattest for dei som skal arbeide med barn og ungdom. I vårt register lagrar me informasjon om taushetserklæring og politiattest.

Informasjon om våre brukarar/tjenestemottakarar

Når me formidlar frivillig arbeid til einskildpersonar, treng me å ha kontaktinformasjon om dei som motttek tenestene. Dette blir gjort for å forenkle kommunikasjon mellom dei som er involvert og for å levere ei god teneste.

Informasjon om våre deltakarar

Når sentralen gjennomfører arrangement, treng me av og til å vite kven som deltek. Her lagrar me for det meste kontaktinformasjon.

Informasjon om dei som besøker nettsidene våre

For dei som besøker våre nettsider, samler me inn bruksdata for å kunne tilpasse sidene best mogleg. Me nyttar Google Analytics til å måle bruken av nettsidene. IP-adressa blir anonymisert ved at me sletter den siste siffergruppa. All kommunikasjon foregår over sikker forbindelse med https.

Informasjon om dei me er i kontakt med

Me lagrar ofte telefonnummer og e-post på dei me er i kontakt med. Når det gjeld e-post, tek me vare på inn- og utgåande e-postar for arkivbehov. Me har ikkje noko sentralbord, men brukar ein mobiltelefon som hovudnummer.

Kven deler me personopplysninger med?

Me deler informasjon om brukar/tenestemottakar til frivillige der me meinar det er nødvendig. Ellers deler me ikkje personopplysningar med nokon utanfor frivilligsentralen.

Dine rettigheiter

Personar som har personopplysningar hjå Luster Frivilligsentral kan be om følgjande:

  • Få tilgang til personopplysningar vi har om vedkomande
  • Slette opplysningar som me ikkje lenger har grunnlag til å oppbevare
  • Avgrense eller stoppe behandlinga av dine opplysningar

Ta gjerne kontakt med oss hvis du vil ha meir informasjon om dette. Kontaktinformasjon står nederst i dokumentet.

Hvis du meiner at me behandlar personopplysningar i strid med personopplysningslova, har du rett til å klage til Datatilsynet. Før du eventuelt gjer dette, er det fint om du kontaktar oss slik at me kan svare på dine spørsmål eller oppklare eventuelle mistydingar.

Kontaktinformasjon

  • Luster Frivilligsentral
  • Org.nr: 987743735
  • Kontaktpersonar
    • Anita Kjørlaug, dagleg leiar
    • Jostein Melheim, styreleiar
  • Telefon: 456 65 954
  • E-post: post@luster.frivilligsentral.no
  • Adresse: Øyagata 16, 6868 Gaupne
2020 © Luster frivilligsentral