FriMoro og sommaraktivitetar

FriMoro er eit arrangement over to dagar for 4 til 7 klasse, som blir arrangert i Parken i Gaupne veka etter skuleslutt. I tillegg er det sommar aktivitetsdagar på både Hafslo og i Gaupne.

FriMoro er eit arrangement i regi av Luster Kommune i samarbeid med lokale lag og organisasjonar som Gaupne helselag, Lions Club Luster, Luster Røde Kors og Luster frivilligsentral.  

Dette er eit gratis arrangement for barn fra 4. til 7. klasse som blir arrangert veka etter skuleslutt. 

FriMoro er basert på aktivitetar og friluftsliv, med diverse aktivitetar som Sup brett, kajakk, kano, natursti, lavvo, matlaging på bål og mykje anna.

Me treng frivillige som kan hjelpe til med aktivitetar og hjelpe på kjøkken med matlaging. Ta kontakt med Anita eller Cecilie på Luster frivilligsentral.

Sjå plakat for FriMoro sommaren 2024: Frimoro plakat sommaren 2024

https://www.porten.no/artiklar/100-born-deltok-pa-fri-moro-i-luster-sja-bildegalleri/441080

 

2024 © Luster frivilligsentral